Hei frå Norge!
Eg har sunlogger 2020 for logging og styring av min solfangar, samt logging fyrkjel og akk.tank, og elektrisitet. Eg brukar bereknande kanal for å stipulera effekt solfangar(utan flowmeter), men saknar mulighet for energimåling. Om driftstatus på pumpa ikkje er tilgjengelig i elogger, kan jo denne kablast til ein digital inngang.
Eg ser dette var diskutert på forumet i 2012, men funksjonen ville kansje komma i framtida. Er det noko nytt om dette? Det ville vore veldig flott om det kom!
Kan ein få energimåling med flometer tilkoppla, eller må ein ha ein fullverdig energimålar mot ein pulsingong? (Dyrt!
)
Logger2020 /elogger er flott system, takk til Andreas og Richard!
Asgeir